Humlehagen visar seg på sitt beste i strålande ver

På torsdag var det endeleg skikkeleg godver, noko humlen nyttar godt. Bløminga er kome enda litt vidare noko du ser godt på desse to bileta:

Stenglane er blitt kraftige og har vikla seg fint oppover:

Humlen trivst godt i varmen i bakkane:

Fornøgd humlebonde i godveret:

Rik bløming på dei engelske.

Dei engelske sortane: Fuggle, Target, Northern Brewer og EKG er no (16.09.) godt i gang og er komne langt i danning av konglar. I 2014 vart utbyttet fersk humle på ca. 300g. Då var rizomane planta rett etter at frosten gav seg, men nokre var svært seine med å kome med livsteikn. I år har eg planta ut ein del av årets rizomar og røter- og med langt betre resultat. Årsplantane, særleg Fuggle, er svært godt i gang. NB er greit ute, Target blømde tidleg og er sein med konglar. EKG er seinast som og i fjor- men har mykje blomar. For desse blir det i alle fall ny pers- så sant ikkje veiret slår seg vrangt.

Ny rekord i humlehagen.

Rekorden er ikkje så mykje å skryte av. Eg har berre ein- og den var frå i fjor. Relativt sett viser likevel utviklinga i plukka vekt at det går framover. I 2014- etter ein strålande sommar- var "Fletre"-utbyttet 5,9 kg ferskvekt. I 2015- etter ein tidvis både kald og våt sommar, vart utbyttet likevel 8008 g. Neste år blir det langt større, då mange års-plantar ikkje har bore særleg mykje. 2.års gjev bortimot full avling. Det blir spennande nok ein gang.

Måndag vart også ein stor dag.

Ein av dei mange interesserte i humlehagen var Inge Hjelle. Han hadde fortalt om humlen dei hadde heime. Måndagen ringe eg til han og lurde på om dei hadde litt att enno. Då hadde han nett vore og plukka litt og kom innom med eit berenett. Rett på turka med 400 gram. Fantastisk flott og stor humle. Iveren var så stor at eg gløymde å ta bilde. Han kunne fortelje at oldefaren hadde flytta til Voss frå Fresvik i Sogn. Han hadde då henta med seg humle heimanfra og planta på Voss.

Open hage sundag 13.9.

Etter marknadsføringa i Hordaland måtte vi nytte høvet til å gjere hagen litt meir kjend. Ein ting er å vere kjend- noko anna er gleda over å finne andre som også er opptatt av liknande. Håpet var jo å finne andre interesserte og kanskje etablere eit lite lag eller byte røter. Det kom 15-20 humlehageinteresserte i alle aldrar. Vi heldt til i skjenkestova ei stund. Det var koseleg, trangt og godt lag. Forsiktig smaking støtta konklusjonen frå fredagskvelden: Dette er eit godt øl med ein svært god og spesiell humle. Til sist måtte vi ut i pøsregnet. Vi såg på jordlagde stenglar og rhizomar, lupulin, blomar og konglar. Mange hadde humle i større eller mindre mengder heime. Mange lurde på mykje og nokre kunne mykje. Dag frå Voss Bryggeri fylgde med heile dagen og hadde absolutt peiling. Det var ein hyggjeleg måte å møtast på og fleire var interesser i ulikt samarbeid vidare.

Innviingsfest i skjenkestova.

Kjellaren var rydda for golfutstyr, malingspann og alt som elles samlar seg i kjellarar. Rommet viste seg å vere både stort og vakkert. Vi fyrde etter kvart i peisen, ulike øl vart henta ut frå kjellarlageret og stemningen steig. Glas frå Rochefort og Den gyllene freden vart henta frå hyller og skåp. Det var jo innviingsfest.  Takka vere Skudenes Bryggeri vart det teke litt bilet frå kvelden. Fine bilet. Eitkjellarromhar vist seg å vere ei hyggeleg stove for både ølsmaking og hyggjeleg prat.                                                                                                                                       

Skudenes Bryggeri kom på vossavitjing.

Skudenes Bryggeri er i oppstartfasen og tok seg ein tur til Voss bryggeri for å sjå korleis dei har det her. Eg og Tord (heimesideforvaltaren) vart invitert med og hadde ein hyggjeleg runde med Dag. Dei store gutane frå Skudeneshavn og dei endå større på Voss bryggeri fortalde og lærde. For oss smågutane med 25- liters anlegg vart det litt høgt opp. Viseleg nok hadde gutane frå Karmøy ingen planar for kvelden. Eg inviterte på Fletreølsmaking i den nesten opna skjenkestova i kjellarenheime. Gutane var opne for å bli lokka.


Avisa Hordaland er med i hagen.

På Jolaølmeisterskapen På Voss i 2012 traff eg på ein journalist som var opptatt av humle. Eg lova at eg skulle varsle når eg hadde noko å fare med. Det gjorde eg no.

Journalist og fotograf kom på godversdagen 3.september. I laurdagsavisa fekk hagen både framsida og midtsida. All humle til brygging er hoplantar. Dei søte små blei såleis midtsidepiker. Det trur eg dei sette pris på. Vi vart i alle fall lagde merke til alle saman. Om du ynskjer å kjøpe ei digital enkeltutgåve av avisa går du til  denne lenka og skriv inn "Mannen i humlehage" så kjem avisa opp.

Full bløming i humlehagen.

No blømer både dei unge plantane av "Fletre-humlen", Northern Brewer, East Kent Goldings og Target. Dei likte seg ikkje i regnveiret, men no faldar dei seg ut- endå so små dei er. Dei konglane som kom først er no bitre og gode. Dei blir litt brune av regnet, men smaken er ok.

Eg nytta høvet i regnveiret til å brygge litt smakeøl. Ein pale ale med Fletre og EKG. Litt lite utbytte, då det var feil på termometeret. OG på 1.062.

Nytt temometer og på-an-igjen med ein Brown ale. Termometeret fungerte. OG 1.040. Belgisk gjer. Northern Brewer i koka og dei siste minuttane Fletre. Lovande og eg gler meg til å kjenne kva det er blitt.

Onsdag får eg besøk av 3 karar frå Bergen. Dei skal plukke og vere med ¨på ølbrygging. Dei har inga ein litt alkoholsterk pale ale- og det skal dei få.

Torsdag skal eg plukke humle til 3 av Norbrygg sine medlemer. Dei vil prøve fersk humle og det skal dei få. Eg må prøve å finne ut kva som blir etterspurt av humlene. Eg vil og få tak i nokre norske frå Bioforsk. Då er det jo interessant å vite kva prøvebrygginga til norbryggmedlemmene har ført med seg.

Humlehausten startar varsamt mellom bygene i morgon. 28.8.

Bløminga er i full gang. Ei lita avklaring først: Blomen er liten og gjer lite av seg. Han er berre 5-6 mm i diameter. Det er stort sett ein liten knopp med støvberarar. Etter kvart kjem frukta- eller konglen. På engelsk heiter det hop cone. Det vi brukar i ølbrygginga, er såleis ikkje blomst, sjølv om nemninga går att både i litteraturen, oppskrifter og annonsering.

Dei første plantane som blømde i år, var stenglane frå dei eldste røtene som ligg innunder sørvende berghyller. Det blømer først øverst i stengelen og etter kvart i utstikkarane. Dette skjedde den 31.juli. (Eg såg etter fleire gonger om dagen). Venta og venta. Etter kvart kom resten av blomane : Lengre nede på stengelen, dei nyaste plantane og dei med mindre god vokseplass.

I dag- 27.august- er dei første og største- klare til å plukkast- når det berre sluttar å regne og humlen får tørka litt. Lupulinet er godt synleg og er i ferd med å klumpe seg. Litt prøvetygging dokumenterer at bittersmaken er på plass.

Dei øvre og ytre konglane- d.v.s. dei som er utsett for sol og regn-blir litt brune på oppsida, men tek ikkje skade av det. Dei konglane som er skjerma inne i lauvverket, er så grøne som vi ser i reklamen. Lupulinet, fargen og smaken er likevel mykje likt.

På dei plantane som har modne konglar, er det samstundes mykje som blømer enno. Det er framleis lang tid att av plukkesesongen.