Humlehausten startar varsamt mellom bygene i morgon. 28.8.

Bløminga er i full gang. Ei lita avklaring først: Blomen er liten og gjer lite av seg. Han er berre 5-6 mm i diameter. Det er stort sett ein liten knopp med støvberarar. Etter kvart kjem frukta- eller konglen. På engelsk heiter det hop cone. Det vi brukar i ølbrygginga, er såleis ikkje blomst, sjølv om nemninga går att både i litteraturen, oppskrifter og annonsering.

Dei første plantane som blømde i år, var stenglane frå dei eldste røtene som ligg innunder sørvende berghyller. Det blømer først øverst i stengelen og etter kvart i utstikkarane. Dette skjedde den 31.juli. (Eg såg etter fleire gonger om dagen). Venta og venta. Etter kvart kom resten av blomane : Lengre nede på stengelen, dei nyaste plantane og dei med mindre god vokseplass.

I dag- 27.august- er dei første og største- klare til å plukkast- når det berre sluttar å regne og humlen får tørka litt. Lupulinet er godt synleg og er i ferd med å klumpe seg. Litt prøvetygging dokumenterer at bittersmaken er på plass.

Dei øvre og ytre konglane- d.v.s. dei som er utsett for sol og regn-blir litt brune på oppsida, men tek ikkje skade av det. Dei konglane som er skjerma inne i lauvverket, er så grøne som vi ser i reklamen. Lupulinet, fargen og smaken er likevel mykje likt.

På dei plantane som har modne konglar, er det samstundes mykje som blømer enno. Det er framleis lang tid att av plukkesesongen.