Humlehagen har sin basis i den humlen som har vore på garden så lenge nokon har kunnskap om. 

Etter brakking av humlehagen på 1980-talet, har humlen overlevd i ur og kratt- d.v.s. areal som ikkje 

kunne dyrkast opp og haustast maskinelt.  For 3 år sidan kom eg til gards og inne i krattet vart 

humleplantane påvist av kjentfolk. Naboen har tru på at humlen her kan vere frå den gongen då 

garden vart delt fyrste gongen- d.v.s. på 1600-talet.

 

Gamle-Ola som eigde garden fram til 1980, vart 100 år i …..Han var kjend for å brygge godt juleøl og 

brukte og humlen som medisinplante. Han nemnde aldri noko om at humlen på garden var ført hit 

som plante i hans tid.

 

Humlen veks langs bakken når det ikkje er noko å klatre i- og krøllar seg samani seg sjølv. Klatrar på 

gras-strå, bringebær og brennesle. Når planten ligg på bakken, røtar han seg der han ligg, med den 

fylgje at bakken på dei gamle vokseplassane er fulle av humlerøter i eit tett nettverk. Der det var tre 

å vokse i, kom han 8 meter opp. Planten blømer mest i toppen og der modnast han først. Det var 

jobbigt å hauste dei 2 første sesongane. No er det noko meir system på det heile.

 

Våren 2014 hadde eg lært meg å formeire humlen og utvida arealet monaleg. Då planta eg og ut 

rizomar av engelske humler for å sjå korleis dei ville klare seg i vårt klima. Dei voks godt på lune 

plassar oppunder varmemagasinerande berg, men dei blømde frykteleg seint, så det vart minimalt 

med frukter. Det vart jo ein mild vinter, og i år er det langt betre. Den gamle norske humlen blømeri 

slutten av juli. Target blømer ca 20.august og dei andre sortane fylgjer så etter. Resten av soga kjem 

til dei fylgjande dagane og vekene.