Vi har i dag desse sortane:

 

Aromahumle

Fletre-humle. Fruktig. Søtleg. Alfa-syre ca.2,5% .

Fuggle. Populær engelsk variant. Mild og mjuk med fruktig smak. Aroma og tørrhumle for ale og lager. Svært allsidig humle.3,5-5,5 % alfasyre.

East Kent Goldings .England si mest brukte humle. Blomsteraktig aroma med ein søtleg krydra smak. Bitter, aroma og tørrhumle for britiske aletypar. 4,5-7% alfasyre.

Bitterhumle

Target . Dette er ei høgalfahumle som blir mykje brukt i Storbritannia, både som bitter-og aromahumle med sin eple-og litt treaktige smak og behagelege aroma. Ho kan minne litt om Fuggle. Bitter-og aromahumle for dei fleste øltypar. Eignar seg særleg godt til Stout. 7-10% alfasyre.

Northern Brewer . Fin, velluktande aroma med ein turr og rein bittersmak. Bitter og aromahumle som eignar seg for dei fleste øltypar. 7-10% alfasyre.

 

Korleis fungerer så «Fletre-humlen» som bryggehumle? 

Etter humlehausten 2014 tok eg kontakt med Bioforsk for å få humlen analysert. Dette vart ikkje  tilrådd, då dette er kostbart. Rådet var å brygge sjølv og kjenne. Eg så gjorde. Eg laga eit tørt pale-ale  brygg (låg densitet og lite søtstoff) for å sikre at humlesmaken vart den dominerande. Eg brukte litt  av min eigen Northern Brewer som bitterhumle og kokte med ein del Fletre frå start og humla kraftig  stegvis på slutten. Etter gjeringa vart det og tørrhumla.  Ølet vart naturleg nok litt vassaktig, men med god humlesmak og fin aroma. Dei fleste testarane tykte ølet var godt- og delvis føretrekt framfor eit Fuggle-øl som vart brukt som samanlikning.

Grunna den kraftige humlinga hadde ølet gode lagringseigenskapar og det vart nytta framover mot jul- og  vart stadig betre. Så hadde eg ei av mine største øl-opplevingar! Det seier ikkje lite: eg har brygga i 13  år og hatt mange fine opplevingar. Den 1.august 2015 fann eg att ei attgløymd flaske av prøvebrygget  og opna med spenning. Det var ei smaksoppleving av dei skjeldne. Fyldig og heilt øl. Dufta var borte, men smak og ettersmak var heilt toppen. Eg går på med ny iver og aukar produksjonsarealet nok ein  gong. 

Truleg har denne humlen låg alfasyre, men det hadde vore greit å få dette testa. Resten av testen  med cohumulon o.s.v. får heller vere.