Kåre Frøland

Sivilarkitekt og sjølværklert humlebonde. Flytta til Fletre på Voss for 3 år sidan og byrja eksperimentere med humledyrking. Har vore aktiv ølbryggjar i over eit tiår, både på eiga hand men også med Bjoa Ølbryggjarlag. Med sistnemde var han med på å vinne 1. premie i VM (Vossameisterskapet i juleøl).

 

 

 

 

 

Ruth Jørgensen

Ruth har vore eigar av bruk nr. 2 på Fletre sidan 1980. Dei siste 10 åra har det ikkje vore gardsdrift på småbruket, og all slått er leigd bort. Men Ruth og Kåre bur på garden og i tillegg til humlehagen, har Ruth har urtehage, grønsaker og poteter til eige bruk.

Ruth har tidlegare erfaring som småbrukar med sau, kyr, gris og hest, samt dyrking av jordbær, bringebær og grønsaker for sal. Ho har også erfaring frå turistnæringa med drift av fjellstove.

Ruth er i dag lærar i grunnskulen på heiltid og nyttar fritida i hagen.